Sacred Symbiosis

Returning to the Remembrance of Earth

Kven er eg?

Eg er Sarah.Eg har alltid kjent Jorda. Som nærvær. Som intelligens. Som mor. Som heim.Ein stad på vegen mister dei fleste av oss kontakta med dette. Vi dragast inn i ein rivande straum av ei høglydt verd. Inn i plikter, forventningar, og det endelause støyet frå våre eigne tankar. Og sakte, så sakte at vi knappast legg merke til det, gløymer vi at vi aldri var meint å vandre aleine, fråkopla den levande verda som skapte oss. Vi gløymer kjensla av stillheit. Vi gløymer korleis ein lyttar. Vi gløymer korleis det er å berre vere.Eg har kjent denne gløymsla, og den fragmenteringa som følgjer med. Og eg har kjent den lange, stille og ømme vegen heim. Vegen tilbake til erindring, til tillit, til tilhøyrsle.Eg vart fødd inn i dei stille norske skogane, varma av gløden frå Midtaustens sol, og forma av fjella, jungelen og andre stadar der verda si høglydte uro stilnar. Jorda er min fremste lærar, og eg ønskjer alltid å lytte, alltid å lære. Og det eg opplever når eg lyttar, gong på gong, er at ho fører meg tilbake til hjartet.Og det hjartet mitt lengtar etter no, er å vandre side om side med andre medan dei finn vegen tilbake til seg sjølve. Å vere vitne i prosessen, og å hjelpe til med å opne dører inn til stillheita og villskapen vi ber i oss. Å hjelpe med å vekkje minna om kven vi er, bortanfor historiene vi lenge har fortalt oss sjølve. Når vi finn tilbake til ei kjensle av heilskap, finn òg den levande verda rundt oss tilbake til sin eigen heilskap.

Først når vi går oss vill, byrjar vi å finne oss sjølve.

Kva tilbyr eg?

Kvar og ein av oss er eit levande økosystem, eit mikrokosmos som speglar makrokosmoset vi finn i naturen. Akkurat som vår moder Jord, er vi óg rike på kompleksitet, intelligens og evne til å heile oss sjølve, når dei rette kåra er til stades.Det eg tilbyr er vegar tilbake til relasjon. Til den levande verda. Til din eigen kropp og ditt eige hjarte. Til den djupe stille visdomen som bur i deg, og som du kanskje har vorte framand for.Naturens heilande kraft er for alle. Prisen er derfor fleksibel og kan tilpassast din situasjon. Ta kontakt, så finn vi noko som kjennest rett ut for oss begge.✦ Skogsvandring: Eg er utdanna guide i skogsterapi, gjennom Association of Nature and Forest Therapy (ANFT). På desse vandringane senkar vi tempoet, mjuknar sansane, og let naturen leie oss. Vi smeltar inn i nærvær, og byrjar å hugse korleis det kjennest å vere i relasjon med den levande verda, og med oss sjølve. Når vi opnar oss for naturen, let vi naturen kjenne oss attende. I dette møtet kan vi endeleg få sleppe pusten heilt ut. Mi rolle som guide er ganske enkelt å opne dørene, medan naturen gjer resten. Anten du søkjer stillheit, å finne att deg sjølv, eller berre å vere, er du velkomen her. Tilgjengeleg for grupper eller 1-til-1.✦ Hjarte og Jord: Desse vandringane er ein invitasjon inn i ei intuitiv reise gjennom ditt eige hjarte og hjartet til Jorda. Når tankane stilnar, kan hjartet få rom til å tale, og vi oppdagar kanskje at Jorda alltid har talt tilbake. Ved å vende attende til kroppen og intensjonelt la hjartet få leie, kan vi finne at det ber i seg evner vi hadde gløymt. I desse vandringane får vi også hjelp av den hjarteopnande krafta til kakao, slik at det som har hardna kan mjukne, og det som har lukka seg kan opnast igjen. Tilgjengeleg for små grupper eller 1-til-1.✦ Naturmedisinsk rettleiing: Desse individuelle møta er til for at du kan bli møtt og sett i din heilskap. Med utgangspunkt i grunnutdanninga mi i naturmedisin, ser vi på heile deg, og utforskar varsamt kva som lengtar etter å kome i balanse. Eg er der for å lytte, og vil forsøke å forstå kven du er og kva som ønskjer å bli høyrt i kropp, sinn og hjarte. Saman finn vi ut kva som kan hjelpe til med å kome tilbake til flyt og harmoni. Vi kan møtest ute i naturen, heime hos deg, eller digitalt. Eg er framleis tidleg i praksisen min, og prisane speglar dette. Ta kontakt for meir informasjon.✦ Vegvising: Det finst stunder der noko i oss veit at vi treng klarleik. Om kven vi er, kvar vi er på veg, kva vi ber på, og kva livet kallar oss til. Vegvising er eit rom for å møte desse spørsmåla med intensjon og nærvær. Saman vender vi merksemda mot det som ønskjer å bli sett, og følgjer tråden gjennom kvar du har vore, kvar du er no, og kva som kallar deg framover. Eg kan invitere deg ut i naturen, inn i visdomen til plantene, inn i kroppen din, inn i skapinga av personlege ritual, eller kva som helst anna som ønskjer å tre fram i teneste for vegen din. Vi følgjer det som kallar deg djupare. Kvart møte finn si eiga levande form ut frå det du kjem med og det du treng. Eg vil vandre ved sidan av deg, og minne deg på å lytte til hjartet ditt og stole på din eigen indre visdom. Tilgjengeleg som 1-til-1, i person.Viss noko her resonerer med hjartet ditt, vil eg gjerne høyre frå deg. Døra er open når enn du er klar.

Kjærleik er brua mellom deg og alt.

Kontakt meg

Døra står alltid open, enten du har spørsmål eller berre ønskjer å prate. Kom som du er.

Måtte du alltid finne vegen tilbake til deg sjølv.